Rekordår for hyttebygging i fjor
Ferske tal frå SSB.
(NPK): Trass i auka prisar og rentehevingar vart det fullført rekordmange hytter i 2022. Det viser tal frå SSB.
Ferske frå SSB tal viser at dei rekordmange hyttene som vart ferdigstilte i 2022 etter at det i 2021 vart sett i gang rekordmange hytter. Heile 6690 nye fritidsbustader stod klare for ferske hytteeigarar i 2022. Det svarer til ein auke på 26 prosent frå 2021.
Samtidig ser vi at auka prisar påverka byggjeaktiviteten ved ein nedgang i talet på igangsette hytter. Berre 5676 fritidsbustader vart igangsett i 2022, noko som er ein nedgang på heile 24 prosent.
– Vi meiner å kunne sjå at byggjeaktiviteten flatar, men framleis er det store prosjekt som er igangsett og som vil bli ferdigstilt i 2023. Det blir interessant å følgje med utviklinga og sjå kva som skjer når regjeringa strammar inn taumane, seier leiar i Noregs Hytteforbund Trond G. Hagen i ein kommentar.
Talet på igangsetjingar er ein god indikator på temperaturen i nybyggmarknaden. Andreas Jebsen i marknadsplassen Byggstart.no følgjer marknaden tett.
– Fallande hytteprisar og aukande utgifter kan gjere at prosjekt som har fått igangsetjingsløyve setjast på vent, og ikkje blir likevel bygde, forklarer Jebsen.
(©NPK)
Publisert: 17.02.2023 08:28
Sist oppdatert: 17.02.2023 08:31