Kort fortalt

Rekordår for kaffehus i Ålesund

Omsetninga til nye høgder.

Marius Rosbach
22.08.2022

Dråpe Kaffehus i Ålesund hadde rekordhøg omsetning i fjør med 7,6 millionar kroner, viser rekneskapen for 2021.

Selskapet som sysselsette sju årsverk i fjor, starta opp verksemda i Storgata i 2019. I oppstartsåra omsette dei for 5,2 og 6,9 millionar.

Dagleg leiar Ragnhild Tunheim Huse eig 68 prosent av aksjane i serveringsverksemda, medan Samuel Dragon og Simon Leighton-Hansen eig 16 prosent kvar.

Lønnsemda fekk ein knekk i fjor, men rekneskapen enda likevel i pluss og eit resultat før skatt på drygt 150.000 kroner. Eigenkapitalen i selskapet var på kring ein halv million ved utløpet av året, og samla gjeld var på kring 2,6 millionar kroner.

Publisert: 22.08.2022 11:38

Sist oppdatert: 22.08.2022 17:05

Mer om