(NPK): Turismen i Noreg aukar. Ny undersøking viser at 2024 var eit rekordår for norsk reiseliv.
Sidan 2019 har eksportverdien i reiselivet auka med 10 milliardar. Det skriv Innovasjon Noreg i ei pressemelding.
Talet er henta frå Turistundersøkelsen som er utarbeida av Epinion og Gyger i samarbeid med Innovasjon Noreg.
Veksten viser seg mellom anna i talet på overnattingar og turistforbruk. Eitt av nøkkelfunna er at gjestane legg igjen meir pengar på stadane dei besøker. Dette gjeld både norske og internasjonale gjestar.
Sidan 2019 har dei utanlandske overnattingane auka med 16 prosent. For nordmenn har talet stige med 7 prosent.
Rapporten viser derimot at talet på overnattingar i sommarsesongen har falle sidan 2019. I 2024 var 55 prosent av overnattingane i juni, juli og august. I 2019 var 61 prosent av gjestedøgna i sommarmånadane.
Fleire oppsøkjer Noreg av natur- og klimaårsaker. Nesten 60 prosent av turistar frå Spania og Kina svarar at dei har sett på natur og miljø, medan berre 16 prosent av nordmenn og 17 prosent av danskar svarar det same.
(©NPK)
E26/S2 Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar?
Publisert: 26.06.2025 11:08
Sist oppdatert: 26.06.2025 11:10





