337563338 1010853630130516 6909950698169635506 n
REDNING: Sula Vekst produserer ulike typer maritimt redningsutstyr, Her testar ein redningsnett. Foto: Sula Vekst
Kort fortalt

Rekordår for Sula Vekst

Sula-bedrifta har 57 personar i arbeid.

24.05.2023

Sula Vekst (tidlegare Sula Bedriftshelseteneste) har historie tilbake til 1993. Den tilrettelagde bedrifta er heileigd av Sula kommune, og hadde rekordomsetning i 2022.

Totalt er det 57 personar i arbeid i selskapet, fordelt på 35 med tilrettelagd arbeid og 22 ordinært tilsette.

Dei tilsette er fordelte på områda vask, sy, maritim/mekanisk og miljø/brensel.

For maritim/mekanisk vert det produsert og seld redningsutstyr som redningsbøyle og båtshakar.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 6,4 millionar kroner, og 11,6 millionar i langsiktig gjeld.

Sula Vekst
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 23,3 20,5
Driftsresultat 2,1 0,7
Resultat før skatt 1,8 0,5

Publisert: 24.05.2023 23:24

Sist oppdatert: 24.05.2023 23:25

Mer om