Kort fortalt

Rekrutteringsproblem i reiselivet

To av tre reiselivsbedrifter slit med å få tak i kvalifiserte tilsette.

NPK
22.06.2022

Mangel på kvalifisert arbeidskraft er ei «stor utfordring» for 64 prosent av dei spurde i ei undersøking frå NHO Reiseliv.

I Hardanger satsar dei på å lære opp lokale ungdommar.

– Vi held oppe kvaliteten og det fungerer godt. Restaurantsjefen er ein god læremeister og ungdommane lærer fort, seier Charlotte Ramsøy, dagleg leiar for restauranten Siderhuset Ola K på Nå i Hardanger til NRK. Dei har ikkje funne ein einaste faglært servitør, trass i stor innsats før sommarsesongen.

Ole Michael Bjørndal, fagdirektør for næringspolitikk i NHO Reiseliv, seier situasjonen er utfordrande. Han meiner to år med pandemi og redusert rekruttering er hovudårsaka.

Utfordringane må løysast både på kort og lang sikt. Å rekruttere lokal arbeidskraft kan vere ei løysing på kort sikt. NHO jobbar også for å få ned saksbehandlingstida hjå Utlendingsdirektoratet slik at dei utanlandske arbeidarane kan kome tilbake. På lang sikt må ein jobbe med utdanningstilbodet og karriererettleiing, meiner Bjørndal.

Publisert: 22.06.2022 11:40

Sist oppdatert: 22.06.2022 11:41

Mer om