Kort fortalt

Rensekrøll kan stoppe byggeprosjekt

Ålesund kommune må ta grep.

Marius Rosbach
30.08.2022

Ålesund kommune setter i verk tiltak for å ikkje gjere avløpssituasjonen i kommunen verre. Kommunen åtvarer i ei melding om at dette kan få betydning for dei som har planar om byggeprosjekt.

Bakgrunnen er ein dialog med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Kommunen påpeiker at avløpssituasjonen er alvorleg i fleire tettbygde område i Ålesund, men at kommunen sin tiltaksplan bidreg til at fleire av avvika kan lukkast.

Byggesøknader som vil auke avløpsmengda frå eigedomen knytt til Aspøy reinseanlegg, vil ikkje bli godkjent. Byggesøknader som vil auke avløpsmengda frå eigedom i Larsgården og Breivika vil måtte avklarast i kvart enkelt tilfelle, påpeiker kommunen i meldinga.

Publisert: 30.08.2022 19:50

Sist oppdatert: 30.08.2022 19:51

Mer om