Renta opp 0,25 prosentpoeng
Noregs Bank hevar styringsrenta med 0,25 prosentpoeng.
Dei meiner det mest sannsynleg kjem ei ny renteheving første kvartal neste år.
Torsdag sette Noregs Bank opp renta med 0,25 prosentpoeng. Det er sjuande gong renta blir auka sidan nullnivået under koronapandemien.
Dermed ligg styringsrenta på 2,75 prosent – og mest sannsynleg vil ho halde fram med å stige. Det vidare forløpet for renta vil avhenge av den økonomiske utviklinga, skriv Noregs Bank.
– Prognosane for norsk økonomi er meir usikre enn normalt, men går det som vi no trur, vil styringsrenta liggje rundt 3 prosent neste år, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.
Ei styringsrente på 2,75 prosent vil bety ei bustadlånsrente på rundt 4 prosent, ifølgje DNBs sjeføkonom Kjersti Haugland.
– Vi har eit underliggjande inflasjonspress som har vore sterkare enn venta. Samtidig har økonomien halde seg betre flytande enn vi har trudd. I lys av dette ville det vore overraskande om Noregs Bank snudde heilt om på planane no og lét vere å heve renta, sa ho til NTB før renteavgjerda var kjend.
Noregs Bank vurderer at det framleis er behov for ei høgare rente for å dempe inflasjonen.
– Konsumprisane har stige raskt, og prisveksten er klart over målet. Det er framleis høg aktivitet i norsk økonomi, og arbeidsløysa har halde seg svært låg. Samtidig ser vi no eit omslag i økonomien, og høgare prisvekst bidreg til svekt kjøpekraft for hushalda. Mindre press i økonomien vil etter kvart bidra til å dempe prisveksten, skriv Noregs Bank.
Publisert: 15.12.2022 10:46
Sist oppdatert: 15.12.2022 10:47