Kort fortalt

Reparasjon-satsing hos Tomra Konfeksjon

Skal samarbeide med sportsbutikkane.

11.10.2025

I eit pilotprosjekt skal Tomra Konfeksjon ta i mot og reparer klesplagg, slik at dei får eit lengre liv og ikkje hamnar i søppebøtta.

I første omgang er det sports-og fritidskle Tomra Konfeksjon satsar på. Bedrifta har fått samarbeidsavtalar med fleire sportsbutikk på Nordvestlandet i prosjektet, og har fått økonomisk støtte frå fylkeskommunen gjennom den såkalla Skaparkraft-ordninga.

Butikkane vil ta i mot og sende inn klesplagg til Tomra Konfeksjon.

Planen er å drive pilotprosjektet til januar-februar neste år seier inititivtakar og eigar Eva Langstein i Tomra Konfeksjon. Er det vellukka skal det utvidast og i neste omgang også takast i mot arbeidskle. 

Fram til 1998 sydde Tomra Konfeksjon sportskle under merket Frank Shorter, som Bjørn Rune Gjelsten introduserte i den norske marknaden. Etter det har selskapet drive i liten skala, med maskinbrodering og profilering av arbeidstøy som viktigaste aktivitet. 

Publisert: 11.10.2025 17:33

Sist oppdatert: 11.10.2025 17:33