Kort fortalt

Reparasjonsemisjon i Kystruten

Vil hente meir pengar.

Marius Rosbach
09.09.2023

Reiarlaget Havila Kystruten vil gjere ein reparasjonsemisjon for aksjonærar som ikkje fekk delta i den siste emisjonen i sommar.

Kvar aksjonær vil få tilbod om fire teikningarettar per aksje dei hadde 18. juli i sommar. Vilkåra er dei same som ved førre emisjon - ei krone per aksje - og det er moglegheit for overteikning.

Etter at verdien har falle frå eit nivå kring ti kroner aksjen tidleg i år, var sluttkursen for aksjen fredag på 1,09 kroner.

Perioden løper frå 11. til 22. september, ifølgje ei børsmelding fra selskapet.

Publisert: 09.09.2023 12:21

Sist oppdatert: 09.09.2023 12:21

Mer om