Reparasjonsemisjon-resultat i Atlantic Sapphire
Aksjonærane teikna seg for knapt 20 prosent av aksjane.
I reparasjonsemisjonen i Atlantic Sapphire har aksjonærane teikna seg for 18.768.245 av dei i alt 100.000.000 aksjane som vart lagt ut.
Kursen er 1,40 kroner aksjen, det same som i den retta kapitalutvidinga i selskapet tidlegare i haust då selskapet fekk inn 702 millionar kroner i ny eigenkapital frå ei mindre gruppe eksisterande og nye investorar.
Ein repararsjonsemisjon er retta mot dei eigarane i eit selskap som ikkje fekk vere med på den retta emisjonen, slik at dei får sjansen til skyte inn pengar og i alle fall delvis få oppretthalde sin eigarandel.
I dag vart Atlantic Sapphire handla til 1,442 kroner aksjen, hårfint over kursen i reparasjonsemisjonen.
Publisert: 03.11.2023 20:47
Sist oppdatert: 03.11.2023 20:47