Kort fortalt
Reperasjonemisjon vart overteikna
Carbon Transition hentar inn nye 20 millionar kroner.
12.07.2021
Det tidlegare seismikkselskapet Axxis Geo Solutions har endra strategi, skal ikkje lenger satse berre på seismikk, og har i tillegg endra namn til Carbon Transition.
Selskapet har no gjennomført ein reparasjonsemisjon retta mot eksisterande aksjonærar, til ein aksjepris på 10 øre aksjen. Totalt skulle det teiknast for inntil 200 millionar nye aksjar, og tilføre selskapet 20 millionar kroner. I dag opplyser selskapet i ei børsmelding at totalt vart det søkt om å teikne vel 449 millionar nye aksjar i emisjonen.
Publisert: 12.07.2021 08:46
Sist oppdatert: 12.07.2021 08:50