Kort fortalt

Restauksjon for lakseløyve avslutta

Har tildelt laksekonsesjonar for fire milliardar.

21.09.2018
NPK: Siste resten av auksjonsrunden for nye lakseløyve er no avslutta. I den avsluttande runden blei det tildelt seks løyve til ein samla verdi av 81 millionar kroner.
– Det er gledeleg å sjå at lakseoppdrettarane i landet har eit stort ønske om å veksa og betalar godt for dei nye løyva, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Restauksjonen som no er avslutta kjem i tillegg til hovudauksjonen som blei gjennomført i juni. Då fekk fjorten selskap nye lakseløyve til ein verdi av 2,9 milliardar kroner. Det betyr at det til saman er selt nye lakseløyve for nesten 4 milliardar kroner.
– Det meste av inntektene vil koma kystkommunane og fylkeskommunane til gode gjennom Havbruksfondet, seier Nesvik.
Ordninga med lakseauksjon er ein del av det såkalla trafikklyssystemet til regjeringa som skal sikra forsvarleg og føreseieleg vekst i oppdrettsnæringa.

Publisert: 21.09.2018 10:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37