Det er glede blant bøndene fordi ei ny ordning for å returnere landbruksplast er sett i verk.
I 2019 vart det omsett nesten 13.500 tonn landbruksplast her i landet. Hausten same året fann forskarar plast i nesten alle elvane dei undersøkte på Vestlandet, og mesteparten var landbruksplast.
I dag er det ikkje noko krav om at bønder må levere inn all landbruksplast til attvinning, sjølv om det er foreslått i eit forslag til ny avfallsforskrift. Felleskjøpet vil utvide eit prøveprosjekt til heile landet. Lastebilar som leverer gjødsel og andre varer til gardane, skal ta med seg plast tilbake.
Bøndene får ein god måte å lagre plast på og mindre potensial for forsøpling. Og vi kan selje landbruksplast tilbake til bøndene der det er brukt 30 prosent resirkulert plast, seier André Monsrud i Felleskjøpet til NRK.
Kravet til bøndene er at dei pressar plasten saman på førehand, og at dei reinskar han. Dei må investere i ei presse som fort kostar over 30.000 kroner.
Bonde Kåre Teigland i Hyen i Vestland seier til NRK at pressa er verd pengane, fordi det no er mykje lettare å lagre plasten. Det gir ein meir effektiv kvardag, seier han til NRK.
Publisert: 15.03.2021 18:13
Sist oppdatert: 15.03.2021 18:15