Kort fortalt

Revisor frifunnen etter-konkurs

Vart skulda for milliontap av Ålesund-firma.

Marius Rosbach
14.05.2019
Hjellhaugen Eiendom AS i Ålesund fekk ikkje medhald i Sunnmøre tingrett i at revisor og revisjonsselskapet svikta etter ein konkurs i eit anna selskap, ifølgje .
Hjellhaugen gjekk til søksmål og ville ha erstatning for eit tap på opptil 4,2 millionar kroner. Tingretten var ikkje samd, og no må dei dekke sakskostnader på meir enn 750.000 kroner.
Saksøkarane meinte revisjonen via årsrekneskapen gav eit misvisande bilde av den økonomiske situasjonen i konkursselskapet Modus AS, og at rådgjevinga i samband med avgiftsberekninga var mangelfull.

Publisert: 14.05.2019 10:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34