Bilde 2022 08 05 093645599
STEINSUND: Ifølgje Marine Traffic har Richard With grunnstøytt ved Kjeholmen i Ytre Steinsund. Foto: Marine Traffic
Kort fortalt

Richard With har grunnstøytt

Hurtigruteskipet har grunnstøytt i Solund.

05.08.2022

Richard With har grunnstøytt i Steinsundet i Solund, melder TV2.

Hovedredningssentralen opplyser at det er ingen indikasjon om at nokon er skada eller at skipet tek inn sjø.

Bergensavisen (BA) skriv at mannskap på MF «Sundferja», kan sjå at skipet har køyrd på land.

Steinsundet ligg på innsida av Ytre Sula, og ifølgje Marine Traffic har Richard With grunnstøytt mot Kjeholmen, på tvers av leia.

Ifølgje Yr bles det lett bris, og bølgjehøgda er 0,3 meter.

Om bord skal det vere 70 personar, men ingen ordinære passasjerar. Skipet var på veg til Bergen då grunnstøytinga skjedde.

Skipet har ein kapasitet på 590 passasjerar. Det er 122 meter langt og 23 meter breitt og vart bygd i 1993.

Skipet har vore på eit lengre verkstedopphald på Myklebust Verft og fått sett inn hybrid batteridrift.

Publisert: 05.08.2022 09:28

Sist oppdatert: 05.08.2022 11:52

Mer om