Kort fortalt

Richard With miste styringa

Systemfeil årsak til grunnstøytinga. Skipet er no av grunn.

NPK
05.08.2022

Ingen vart skadde då Hurtigruteskipet Richard With gjekk på grunn ytst i Sognefjorden fredag. Høgvatnet i ettermiddag kan gjere at skipet kjem seg laus.

Like før klokka 9 mista skipet fart og grunnstøytte i Steinsundet ytst i Sognefjorden, ifølgje data frå Kystverket.

Ingen er skadde, og det er ikkje rapportert om at skipet tek inn vatn, opplyste Anja Bakken i Hovudredningssentralen (HRS) til NTB tidlegare i dag. Ho fortalde at skipet ligg stabilt.

Skadeomfanget er avgrensa, med ein mindre skade på bulben på skipet og fremre ballasttank. Det er ikkje påvist nokon lekkasje av miljøskadeleg materiale frå skipet, skriv Hurtigruten i ei oppdatering rundt klokka 14.30.

Hurtigruteskipet var på veg til Bergen etter eit opphald på Myklebust Verft.. Om bord var eit mannskap på 53, i tillegg til 14 personar som gjorde etterarbeid frå verftsopphaldet.

Årsaka til at MS Richard With grunnstøytte var ein teknisk systemfeil som førte til at skipet mellombels mista styring.

– Det var aldri nokon fare for liv og helse. Situasjonen kom raskt under kontroll, seier pressekontakt Martin Henriksen i Hurtigruten Norge i ei pressemelding.

Alle 67 som var om bord då skipet gjekk på grunn, er framleis er på skipet.

– Kapteinen har vurdert at evakuering ikkje er nødvendig, seier Bakken.

Førebels er det ikkje planlagt noka evakuering før dykkarar har undersøkt skroget.

Vaktsjef Øyvind Fagerheim hos Kystvakta at floene vil vere på sitt høgaste klokka 17.00 i ettermiddag.

– Tida vil vise om hurtigruteskipet flyt av grunnen av seg sjølv. Det vil vere det mest optimale, seier Øyvind Fagerheim hos Kystvakta til Bergens Tidende.

Til VG seier Bakken i 14.15-tida at mannskap arbeider med å setje på slepetau.

I 13.20-tida førebudde dykkarar seg på å undersøkje skroget.

– Når ein har fått ei oversikt, kan ein planleggje for kva som skal gjerast etterpå, seier Bakken.

Politiet har oppretta eit ferdselsforbund rundt Hurtigruten.

– Det er no ikkje lov til å køyre inn i sundet der Hurtigruten ligg, opplyser operasjonsleiar Tom Johannesen i Vest politidistrikt til NRK.

Politipatruljar frå land og vatn er sendt til Sollund for å kunne ta imot evakuerte frå Hurtigruten dersom det blir aktuelt.

Arbeidet på staden blir leidd frå Kystvaktskipet KV Bergen.

MS Richard With vart bygd i 1993 og har ein kapasitet på 590 passasjerar. Det er 122 meter langt og 23 meter breitt. Skipet er kalla opp etter Hurtigrutens grunnleggjar.

NB: Fleire medier opplyser rundt klokka 15:40 at skipet no er av grunnen.

Publisert: 05.08.2022 15:26

Sist oppdatert: 05.08.2022 15:58

Mer om