Kort fortalt

Riggstreiken er avslutta

Semje mellon rederiforbundet og Safe.

20.07.2018
NPK-NTB: Riggstreiken blir avslutta umiddelbart, melder Rederiforbundet torsdag ettermiddag.
Norges Rederiforbund og Safe har komme til ei løysing i tarifforhandlingane for riggtilsette Safe-medlemmer gjennom Riksmeklaren.
Det skriv Rederiforbundet i ei pressemelding.
Ifølgje meldinga er resultatet i tråd med det som blei kommunisert som ei løysing i samband med tvungen mekling og svarar til det som blei avtalt med Industri Energi i mai.
– Det siste næringa trong var ein langvarig konflikt som sette renommeet til næringa, økonomien og arbeidsplassar i fare. Konflikten var i utgangspunktet heilt meiningslaus og vi er derfor fornøgd med at den no er avslutta, seier forhandlingsleiar i Rederiforbundet, Jakob Korsgaard.

Publisert: 20.07.2018 07:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38