Kort fortalt

Riise Kristiansen skal røkte NRK-språket

Volda-kvinne tilsett som språksjef.

05.11.2019
NPK-NTB: Karoline Riise Kristiansen (41) er tilsett som ny språksjef i NRK. Som språksjef får Kristiansen ansvaret for å røkte språket i heile NRK.
Karoline Riise Kristiansen kjem til NRK frå NTB og stillinga som ansvarleg redaktør for Nynorsk pressekontor (NPK), der ho har jobba sidan 2009.
Stillinga som språksjef er plassert i nyheitsdivisjonen og nyheitsdirektør Helje Solberg seier ho er glad for å ha fått Kristiansen med på laget.
– Det har vore viktig for oss å finne ein språksjef som både har god redaksjonell erfaring og fagleg tyngde på norsk språk. Det har Karoline, i tillegg til å vere ein positiv kulturskapar som bygger gode relasjonar i nettverk, seier ho.
Karoline Riise Kristiansen sjølv er svært fornøgd med å komme til NRK.
– NRK er Noregs største og viktigaste mediehus, også når det gjeld språk. Eg takkar for tilliten og gler meg til å arbeide saman med alle dei flinke folka som er i NRK over heile landet, seier den påtroppande språksjefen.
Ho tiltrer i NRK 3. februar neste år. Inntil ho er på plass vil Dagsrevyens Ingvild Bryn fungere som NRKs språksjef.
(©NPK)

Publisert: 05.11.2019 07:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32