Kort fortalt

Risikerer sanskjonar frå Chile

700.000 Marine Harvest-laks rømde.

02.11.2018
Marine Harvest risikerer sanksjonar frå ChileID: 15660245NPK
Oppdrettsgiganten Marine Harvest risikerer ifylgje fleire media sterke reaksjonar frå styresmaktene i Chile etter at nesten 700.000 laks i sommar rømde frå eitt av anlegga til selskapet i landet.
fortel at Marine Harvest hadde frist til 15 september med å henta inn minst 10 prosent av den rømde fisken, men ifylgje nyheitsbyrået Reuters skal selskapet berre ha klart å fanga rundt halvparten så mykje .
Chilenske styresmakter ser svært alvorleg på dette, og meiner det kan føra til store miljøskadar. Konsekvensen kan bli at selskapet får ei bot på nærmare 700.000 kroner eller misser konsesjonen.
I tillegg risikerer selskapet reaksjonar for mangelfull avfallshandtering på land. Selskapet skal også ha blitt pålagt å utarbeida ein plan for korleis dei vil rydda opp etter seg.

Publisert: 02.11.2018 11:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36