Kort fortalt

Robot mot østers

Skal gjere butikk av stillhavsøstersen.

12.04.2019
NPK: Ein mekanisk østersplukkar skal kunne stoppe invasjonen av stillehavsøsters og samtidig gjere god butikk av miljøproblemet.
Selskapet Oyster Catch AS i Arendal kjempar mot stillehavsøstersen, skriv Sysla.
No vil organisasjonen med hjelp av ein mekanisk østersplukkar både avgrense invasjonen og samstundes utnytte østersen kommersielt. Sjølv om stillehavsøstersen er ei delikatesse og såleis ein matressurs, trugar han samstundes faunaen i strandsona og kan skade badande.
– Vi ser ei stor kommersiell moglegheit i dette problemet, seier Oddvar Mørland Karlsen i Oyster Catch.
I januar gjennomførte dei ein test med ein optisk robot som dei no er i gang med å lage ein prototype av. I testen greidde roboten å skilje stillehavsøstersen frå flatøsters og blåskjel.
– Den største utfordringa er faktisk styresmaktene, seier Karlsen. Han er redd styresmaktene ikkje har skjønt omfanget av problemet.
Ein østers legg mellom 50 og 200 millionar egg. Difor er faren for spreiing stor. I Vadehavet i Tyskland var det i 2003 30 østers per kvadratmeter, medan talet i 2016 hadde auka til 3.000 østers per kvadratmeter.
Strandretten i Noreg gjer at selskapet må ha løyve frå kvar einskild grunneigar før dei kan gå i gang med østersryddinga.
– Vi har foreslått at vi kan byrje med nasjonalparkane og håper vi kan få styresmaktene med på dette, seier Karlsen.

Publisert: 12.04.2019 14:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35