(NPK): Venstre-nestleiar Sveinung Rotevatn ser ut til å miste plassen på hordalandsbenken, men fleire andre gamle og nye profilar ligg an til å sikre seg stortingsplass etter at førehandsstemmene er talde.
– Eg veit ikkje heilt kva det blir til endå. Eg er jo alltid optimist, men samtidig er eg realist. Akkurat no kan det gå begge vegar, seier Sveinung Rotevatn til Bergens Tidende.
Venstre ser ut til å bli den store taparen i valet og var det einaste småpartiet som låg under sperregrensa, med 3,4 prosent, då dei første stemmetala kom klokka 21 måndag, ifølge Valdirektoratet si oversikt.
Om resultatet står seg går partiet frå åtte til to mandat på Stortinget. Rotevatn er ein av dei som då vil miste plassen sin. For at han skal behalde den må han enten få fleire stemmer i Hordaland eller håpe på at partiet bryt sperregrensa og at han kjem seg inn på eit utjamningsmandat.
– Det er eit ubesvart spørsmål til så lenge om dette kjem til å gå bra, seier Venstre-nestleiaren.
Dei førebelse resultata viser ein klar raudgrøn valsiger, med 89 mot 80 mandat.
Eit av partia som sørger for det er MDG, som kan få Frøya Skjold Sjursæther inn som representant frå Hordaland. 19 åringen som debatterte mot Sveinung Rotevatn på NRKs Debatten søndag kan dermed bli tidenes yngste stortingsrepresentant.
Høgre ligg an til sitt dårlegaste val sidan 2005 med 14,2 prosent av stemmene nasjonalt, men i Erna Solbergs heimfylke ser dei likevel å berge plassen for tredjekandidat Peter Frølich, med ei oppslutning på 18,7 prosent.
– Vi skal vere eit 30-prosentparti, seier Frølich då han får sjå dei førebelse resultata.
Noregs to klart største parti Arbeidarpartiet og Frp ligg an til å få fire mandat kvar i Hordaland, mens Krf, Sp, SV og Raudt ligg på eitt kvar.
Det vil i så fall sikre plassen for partinestleiarane Kjersti Toppe (Sp) og Sofie Marhaug, i tillegg til det unge stjerneskotet frå Krf, Yoel Ystebø.
(©NPK)
Publisert: 09.09.2025 00:09
Sist oppdatert: 09.09.2025 00:09





