Den siste veka er fiskeriet blitt prega av rufsete vêr for fleire grupper.
Det blei fiska 18.900 tonn NVG-sild i nord sist veke, ifølgje ei oppdatering frå Norges Sildesalgslag.
At mange båtar er ferdig med kvota, er årsaka til betydeleg mindre kvantum enn tidlegare. Herøy-båten Sunny Lady er registrert med fangst på 755 tonn NVG-sild i innmeldingsjournalen til sildelaget måndag.
Framover er det meldt rufsete ver, som truleg vil hemme fiske komande veke, heiter det vidare i meldinga.
Makrellfangsten på 13.600 tonn er på nivå med dei siste to vekene. Det er berre vore få dagar med fiskevêr, og utanlandske båtar har fangsta mest.
For nordsjøsida står det att ei kvote på 20.000 av kring 150.000. Sist veke blei det berre fiska 2.600 tonn.
Publisert: 04.11.2024 14:48
Sist oppdatert: 04.11.2024 14:48