NPK: Russarar skal framleis få fiske i norsk sone og lande fisk i norske hamnar, meiner fiskeri- og havminister Bjørn Skjæran (Ap).
Måndag møtte fiskeriministeren aktørar frå norsk sjømatnæring for å diskutere følgjene av Russlands invasjon av Ukraina for sjømatnæringa og maritim næring.
I etterkant av møtet, skriv Skjæran i ein e-post til Fiskeribladet at det er heilt grunnleggjande for norske interesser å ta vare på fiskerisamarbeidet.
– Dette er eitt av dei områda som framleis skal bli halde oppe, saman med fiskeriforskingssamarbeidet. Det er ikkje aktuelt å stengje russiske fiskefartøy ute av norsk økonomisk sone. Gjensidig soneadgang for norske og russiske fartøy i kvarandres økonomiske soner, følgjer av våre forpliktingar etter rammeavtalen om fiskerisamarbeidet og den årlege fiskeriavtalen med Russland, skriv Skjæran til Fiskeribladet og legg til:
– Det ligg ikkje tilgjenge i avtalene til å gjere endringar i dette, ei utestenging frå NØS vil bryte med våre forpliktingar i avtalene. Det er heller ikkje heimel i fiskeriregelverket til å forby landingar frå russiske fiskefartøy ut ifrå utanrikspolitiske omsyn.
Publisert: 07.03.2022 15:18
Sist oppdatert: 07.03.2022 15:20