Tussa skal levere eit fiberbasert aksessnett til Telia sitt mobilnett på søre Sunnmøre, ifølgje ei pressemelding. Nettverksdirektør Kirke Saar i Telia Norge seier det er viktig for dei å sikre betre kontroll over eige nett.
Tussa-samarbeidet er ein langsiktig avtale og skal gi eit robust aksessnett basert på fiber i denne delen av regionen. Telia har inngått fleire regionale avtalar dei siste åra, mellom anna med selskap i Bergen, Oslo, Stavanger, Trondheim og den nordlege landsdelen.
Tussa har bygd ut kring 2000 kilometer med fiber på søre Sunnmøre dei siste ti åra, og i dag kan ni av ti innbyggjarar her kople seg på fibernettet.
Administrerande direktør Iver Driveklepp i Tussa IKT påpeiker at fibernettet har god redundans, noko som skal gi eit godt utgangspunkt å levere fiber også til Telia sine mobilmastar.
– Vi er godt nøgde med at fiberkundane våre får tilgang til eit mobilnett som er skalerbart både når det kjem til kapasitet og dekning. Fiber og mobilnett er teknologiar som utfyller kvarandre. Kundane vil i framtida trenge gode løysingar for begge, seier Driveklepp.

Publisert: 04.09.2019 10:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32