Røff kultur til sjøs
Undersøking om maritime næringer.
(NPK): Røff kultur og høg terskel for å varsle kan vere med på å forklare kvifor så få kvinner jobbar i maritime næringar, går det fram av ein rapport frå Høgskolen Innlandet.
I rapporten heiter det blant anna at tala viser at det er liten grad av kjønnsbalanse i maritim næring generelt, og at kvinner også underrepresenterte ved utdanningane.
Eitt av hovudfunna i rapporten er at arbeidskulturen i maritim næring, spesielt på skip, kan vere årsak til at så få kvinner søkjer seg til desse næringane.
– Vi har sett mykje på kultur, haldningar og arbeidsmiljø, og vi ser at det kan vere forhold som er til hinder for å rekruttere og behalde kvinner, seier Lisa Knatterud Wold. Ho har samla inn data og skrive rapporten saman med Tonje Lauritzen og fire andre forskarar ved Høgskolen i Innlandet.
– Intervjua vi har gjort viser at det er ganske tøft for dei unge i maritim næring når dei kjem inn som lærlingar eller i opplæringsstillingar. Ikkje alle blir tekne like godt mot. Det vart sagt i intervjua at det er vanskeleg for unge generelt, og at det er ekstra vanskeleg om du er ung og jente, legg ho til.
Wold og Lauritzen trur at eit røft arbeidsmiljø med sterk språkbruk er blant årsakene til at arbeidskulturen kan verke lite innbydande. Mange av informantane dei har vore i kontakt med fortel at den eldre generasjonen har ein særleg tøff omgangsform. Fleire unge i næringa har opplevd, eller kjenner andre som har opplevd, trakassering og seksuell trakassering.
Fleire sa at dette ikkje vart teke tak i på ein god måte frå leiinga.
(©NPK)
Publisert: 31.05.2022 18:57
Sist oppdatert: 31.05.2022 18:58