rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Saksøkjer fiskebåtreiarlag

To fiskarar meiner dei har fått for lite betalt frå Teige Rederi.

20.02.2024

Usemja som skal behandlast i Møre og Romsdal tingrett handlar om lott og alderstillegg.

Den eine fiskarane meiner reiarlaget skuldar han omlag 355.000 kroner, den andre 122.000 kroner, skriv Sunnmørsposten.

Reiarlaget avvviser kravet og meiner fiskarane krev lott for fangst på ein kvote som ikkje tilhøyrde deira eigen arbeidsgivar - og for eit fiske dei ikkje deltok i som innleigd mannskap.

Publisert: 20.02.2024 15:58

Sist oppdatert: 21.02.2024 00:53

Mer om