Kort fortalt

Salet av lokalmat aukar

Passerte fem milliardar i 2018.

29.04.2019
NPK: Daglegvarebutikkane selde lokale matvarer for fem milliardar kroner i 2018. Men lokalmat-veksten er ikkje like stor som før og har snarare flata ut, skriv Nationen.
Dei tre siste åra har veksten vore mindre enn 500 millionar kroner, og det er langt igjen til målet om eit årleg lokalmatsal på ti milliardar kroner. Frå 2010 til 2015 auka den årlege omsetninga frå 2,3 milliardar til 4,5 milliardar kroner.
Dei aller fleste av dei rundt 550 lokalmatprodusentane rundt om i landet omset dessutan for mindre enn ein million i året. Administrerande direktør Nina Sundquist i Matmerk ser gjerne at fleire kryssa milliongrensa, og meiner at lokalmatprodusentane må bli flinkare til å tenkje kommersielt.
– Produsentane kan ikkje leve av lokalmat-idealisme. Det må vere lønnsamt, elles er det ikkje berekraftig. Dei må tene pengar på det dei gjer, seier Sundquist til .
Staten har dei siste 15 åra støtte lokalmatprodusentane med over éin milliard kroner. Mellom anna får Matmerk 11 millionar kroner, som indirekte går til lokalmatprodusentar gjennom merkeordningar for lokalmat.
– Det som var interessant i fjor, var at salet av lokalmaten voks i alle regionar i landet. Vi ser òg at lokalmat har mykje meir å gå på, og vi vil at det skal satsast meir på lokalmat og reiseliv, seier Sundquist.
I 2019 skal Matmerk for første gong også registrere omsetninga av lokalmat gjennom andre salskanalar enn daglegvarebutikkane, slik som Bondens Marked, hotell, restaurantar og spesialbutikkar.

Publisert: 29.04.2019 12:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35