Kort fortalt
Samarbeid med BMW og Bosch
Viktig avtale for Hexagon Purus.
04.02.2022
Hexagon Purus har inngått samarbeid med selskapa BMW AG, Robert Bosch GmbH og TesTneT Engineering GmbH for å utvikle eit innovativt lagringssystem for hydrogen til bruk i privatbilar.
Det opplyser Hexagon Purus i ei pressemelding.
Satsinga har fått støtte frå den tyske staten og har eit totalt budsjett på 6 millionar euro.
BMW leier prosjektet, der målet er at første prototypen skal vere klar på slutten av året.
Publisert: 04.02.2022 05:22
Sist oppdatert: 04.02.2022 05:24