Eit samarbeid mellom oppdrettsnæringa og Veterinærinstituttet skal gi ei betre oversikt over helsetilstanden til oppdrettsfisk.
Det er inngått avtalar mellom Veterinærinstituttet og dei private laboratoria for å samle eit breiare datagrunnlag til Fiskehelserapporten 2020, heiter det i ei pressemelding frå Veterinærinstituttet.
Onsdag 10. mars leverer Veterinærinstituttet den nye Fiskehelserapporten. Datagrunnlaget dekkjer over 70 prosent av alle norske oppdrettsanlegg for nokre av dei viktigaste ikkje-meldepliktige sjukdomane.
Ifølgje instituttet er dette ei vesentleg styrking i forhold til tidlegare år.
– Det er gledeleg at oppdrettsnæringa ynskjer å bidra meir til å samle data i nasjonale oversikter. Data er sjølve grunnlaget for nasjonale strategiar for prioriteringar av tiltak mot sjukdom, seier avdelingsdirektør Edgar Brun ved Veterinærinstituttet.
Eitt av selskapa som bidreg er Grieg Seafood ASA.
– Sjølv om utviklinga har gått i rett retning dei siste tiåra, så har havbruksnæringa framleis ein stor jobb igjen å gjere for å for å få til betre fiskehelse og velferd. For oss er meir kunnskap om kvifor fisken blir sjuk og døyr heilt avgjerande for å bli betre. Det gir oss eit betre grunnlag til å setje inn målretta tiltak, seier Solveig M.R. Nygaard, ansvarleg for fiskehelse i Grieg Seafood.
Publisert: 08.03.2021 18:19
Sist oppdatert: 08.03.2021 18:20