Kort fortalt
Samde om lønnskrav i Sølvtrans
Forlik etter at tilsette gjekk til søksmål.
Marius Rosbach
26.10.2023
Ni tilsette i Sølvtrans-reiarlaget har kome til forlik med arbeidsgivaren etter å ha gått til søksmål.
Det kjem fram i ei avgjerd frå Møre og Romsdal tingrett torsdag.
Juridisk direktør Henrik Lovund i Sølvtrans opplyser til NETT NO at striden gjaldt tolkninga av lønnsavtalen for ei avgrensa gruppe maskinoffiserar, og at partane har kome til ei minneleg ordning.
Publisert: 26.10.2023 00:00
Sist oppdatert: 26.10.2023 19:33