Kort fortalt

Samla 1,2 tonn reklameskilt

Miljøtiltak på stadionar.

Marius Rosbach
10.06.2022
Sparebanken Møre har i samarbeid med arbeids- og inkluderingsbedrifta Furene samla inn brukte og kasserte reklameskilt frå stadionar på ytre Søre Sunnmøre, ifølgje ei pressemelding.

Bakgrunnen er at banken såg det var mange skilt stua vekk i samband med utskifting av sine eigne skilt.

Difor bestemte dei to selskapa seg for å samle inn skilta og levere dei til gjenvinning. Aluminiumet i skilta blir gjenvunne, medan plasten blir brent.

– Totalt blei det henta inn i overkant av 1,2 tonn skilt – eller over 300 meter med plater med 1 meters høgde», uttaler Arnt-Ivar Berg frå Furene.

Publisert: 10.06.2022 09:51

Sist oppdatert: 10.06.2022 09:53

Mer om