NPK: Størjeprosjektet til Havforskingsinstituttet har fått ein dårleg start etter at den einaste størja som førebels er merkt, no er død, fortel NRK.
Havforskingsinstituttet har fått løyve til å merke tjue makrellstørjer langs norskekysten, for å finne ut meir om korleis fisken vandrar og beitar i havet.
Den einaste størja som er satelittmerkt i prosjektet, er død. Truleg døydde makrellstørja kort tid etter at den vart fanga og merkt i førre veke.
– Signala viser at sendaren har lege heilt i ro på 100 meters djup i tre dagar, før den losna og flaut opp nesten same stad som der fisken vart merkt og sett tilbake. Dette er triste nyheiter, seier prosjektleiar og havforskar Keno Ferter til Hooked, som omtalte saka først.
Den store tunfisken vart merkt utanfor kysten av Øygarden i Hordaland, og forskarane jobba i nesten ei veke for å få det til.
Det er ikkje slått fast om fisken døydde av behandlinga og merkinga den vart utsett for.

(©NPK)
Publisert: 06.09.2018 12:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37