Kort fortalt

Satsar på heilårsturisme i Olden

Briksdal Adventure har endra strategi.

NPK
06.08.2021

Grunna pandemien har reiselivsbedrifta Briksdal Adventure i Olden gått frå å satse på cruiseturistar til å omstille seg for den norske marknaden.

– Vi satsar mot å vere heilårsbasert, og nytte oss av moglegheitene som er her heile året, seier driftsleiar for Briksdal Adventure, Rikard Kirkeeide Bøe, til Fjordingen.

Reiselivsbedrifta driv med guiding både i kajakk og på bre, og har no sett i gang eit eige kursprogram for å sørgje for rekruttering og opplæring av lokale til å verte turistvertar.

Bøe ønskjer ei rekruttering av lokal ungdom for å skape autentisitet og lokal utvikling.

Dagleg leiar av Briksdal Adventure og kokk på Mølla Gjestehus, Frode Briksdal, er oppteken av at verksemda skal skape lokal utvikling, og har mellom anna lagt om menyen på gjestehuset. Han satsar på eit lokalmatprosjekt der han først og fremst handlar med lokale bønder.

– Det skal vere så kortreist som råd, gjestane likar at vi satsar lokalt, og synest prisen er verdt det, seier han,

Publisert: 06.08.2021 12:19

Sist oppdatert: 06.08.2021 12:20

Mer om