Kort fortalt

Satsar på Hjørundfjord

Får midlar til turismeutvikling.

19.06.2018
NPK: Møre og Romsdal fylkeskommune løyver inntil 900.000 kroner til Destinasjon Ålesund & Sunnmøre for at dei skal utvikle Hjørundfjord som reisemål, skriv Møre-Nytt.
Saman med middel frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre sjølv, Ørsta kommune og aktørar frå næringslivet, har prosjektet ei økonomisk ramme på 2.580.000 kroner.
– Ørsta-regionen og Hjørundfjorden har noko heilt unikt og skil seg ut frå mange andre reisemål med ei bevisst haldning til masseturisme, seier Runar Vestheim, som er leiar for regional- og næringsutvalet i fylkeskommunen.
Hjørundfjord-prosjektet skal utvikle og legge til rette for vandring, toppturar til alle årstider, opplevingar med lokalmat, matkultur og festivalar. Prosjektet skal også styrke samarbeidet mellom aktørane ved fjorden og syte for at Hjørundfjorden blir ein samla merkevare.

Publisert: 19.06.2018 20:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38