Fredrik Klock foto Marius 1
ÅLESUND: Fredrik Linge Klock er dagleg leiar i Byggopp Møre og Romsdal. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Satsar på praksisplassar for vaksne

Aukar satsinga på opplæring til betongfaget.

NPK
05.02.2026

(NPK): Bedrifter i Møre og Romsdal vil etablere opptil 30 nye praksisplassar i betongfaget for vaksne som tek vidaregåande opplæring, for å møte ein aukande mangel på fagarbeidarar i bygg- og anleggsnæringa.

Satsinga kjem frå Byggopp Møre og Romsdal, opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk, som har meldt frå til fylkeskommunen om planane. Ordninga rettar seg mot vaksne over 19 år og skal gi praksis i bedrift som del av opplæringsløpet. Byggopp har rundt 140 medlemsbedrifter og følgjer opp om lag 170 lærekontraktar.

– Skal du få tak i fagfolk, er du sannsynlegvis nøydt til å utdanne dei sjølv, seier dagleg leiar Fredrik Linge Klock i Byggopp Møre og Romsdal i ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Bakgrunnen er stor mangel på betongfagarbeidarar, særleg på Sunnmøre og Nordmøre, der det i dag ikkje finst eigne opplæringstilbod i faget. Bedriftene melder om rekrutteringsutfordringar, samstundes som behovet for kompetanse i betongfaget veks.

Fylkeskommunen håpar satsinga kan inspirere fleire bedrifter til å bidra med opplæring for å sikre framtidig tilgang på fagfolk.

(©NPK)

Publisert: 05.02.2026 12:36

Sist oppdatert: 05.02.2026 12:36

Mer om