Kort fortalt

Sedlar ut på dato

31. mai kan ikkje lenger gamle 100- og 200-setlar brukast.

29.05.2018
NPK-NTB: 31. mai nyttar det ikkje lenger å betale med setlar med bilde av to store og internasjonalt kjente nordmenn: operastjerna Kirsten Flagstad og fysikar, forskar og oppfinnar Kristian Birkeland.
Dei går rett og slett ut på dato. Får du ikkje brukt desse setlane innan fristen, må du til Noregs Bank for å veksle dei inn. Men fortvil ikkje – du har ti år på deg til å løyse inn dei gamle 100- og 200-kronesetlane

Publisert: 29.05.2018 11:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39