Kort fortalt

Seier nei til cruise

Turistbygd fornyer ikkje godkjenning.

12.11.2018
NPK: Politikarane i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane er samde om å ikkje fornya godkjenninga for vidare drift av cruisehamn.
Godkjenninga av cruisehamna i kommunen gjekk ut den 29. september i år. Rådmann Svein Arne Skuggen tilrådde å ikkje fornya denne. Formannskapet var alle samde om det, skriv .
– Mykje har endra seg sidan den førre godkjenninga. Det er høgare krav til tryggleik i cruisehamner no, blant anna på grunn av fare for terrorisme, sa rådmannen i møtet.
Det er dermed fleire krav og kostnadar med å leggja til rette for ei cruisehamn no enn då den førre godkjenninga kom på plass.
– Dette, i tillegg til at me vil satsa på eit berekraftig reiseliv, er grunnen til at me ikkje ønskjer ny godkjenning av cruisehamn, sa rådmannen.

Publisert: 12.11.2018 17:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36