Støtteutbetalingane er fordelt over tre år, 2018-2020. Den som får støtte må bidra med arbeidsinnsats eller kapitalinnskot på line med støtteutbetalinga, i følgje assisterande fylkeskultursjef Monica Kjøl Tornes. 2018 har vore eit planleggingsår. Frå neste år blir det råd å søke støtte gjennom prosjektet.
Løyvingane for 2019 og 2020 er avhengig av politiske vedtak for kvart år.
Både privatpersoner, næringsliv, kommunar og frivillige organisasjonar er invitert til å vere med.
- Vi har eit særleg blikk på dei historiske ferdselsårene som går gjennom fylket vårt, men også på byggverk, landskap, tradisjonsmat, handverk og andre kulturminne vi omgir oss med, seier prosjektleiar Elin Kanck Lorentzen i ei pressemelding.

Publisert: 21.11.2018 20:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36