Kort fortalt
Seks nye smitta i Ålesund
Tre relatert til Stranda-utbrot.
30.04.2021
Ålesund kommune har i dag fått stadfesta seks nye smittetilfelle med koronavirus.
Tre nye tilfelle er relatert til smitteutbrot på Stranda. Dei var alle i karantene, og det er berre næraste familie som er definert som nærkontaktar, opplyser kommunen i ei pressemelding.
Tre nye tilfelle har relasjon til utbrotet ved Toldboden. Også her er det berre næraste familie som er definert som nærkontaktar.
- Smitteoppsporinga blir opplevd som oversiktlig utan funn av nye smittekjelder, seier kommuneoverlege Jonas Kvale Vegsundvåg.
Publisert: 30.04.2021 21:19
Sist oppdatert: 30.04.2021 21:21