Kort fortalt

Sel seg ned i Endúr

Sel aksjar til høg kurs.

10.03.2023

Ålesund-baserte Artec Holding, som er knytta til styremedlem Bjørn Finnøy i Endúr har torsdag seld 642,921 aksjar i selskapet til ein snittkurs på 40,50 kroner aksjen. Etter nedsalet sit Artec Holding framleis på 8,598,313 aksjar i Endur, noko som utgjer 26,42 prosent. Aksjen var av vinnarane på Oslo Børs torsdag.

I tillegg har styremedlem Jörn Ryberg seld 134,575 aksjar, også til 40,50 kroner aksjen. Han sit gjennom sitt eige selskap på 5,53 prosent av aksjane i Endúr.

Begge sala var blokksal til ein investor, vert det opplyst i børsmeldinga.

Publisert: 10.03.2023 03:02

Sist oppdatert: 10.03.2023 03:10

Mer om