Kort fortalt

Sel seg ned og kjøper seg opp

Havila Holding sel seg ned i Havyard Group.

28.09.2018
Sævik-familien sitt haldingselskap Havila Holding har seld seg ned til 40,35 prosent eigarskap i Havyard Group.
Samstundes har familiemedlemane kjøpt tilsvarande med aksjar gjennom sine eigne investeringsselskap.
Dette opplyser Havyard i fredag.
Bakgrunnen vert oppgitt å vere eit dynamisk finansieringsbehov i samband med byggelån og utfordringar med gruppering saman med andre selskap i Havila-konsernet.
I praksis vil det seie at det vert enklare å få byggjelån til Havyard, i tillegg til større fleksibilitet.
Alle aksjane er kjøpte til kurs 11,85 kroner.
Søskena Vegard Sævik (Innidimman AS), Njål Sævik (Emini Invest AS) og Hege Sævik Rabben (HSR INvest AS) har kvar kjøpt 1.290,000 aksjar, og eig dermed kvar 5,21 prosent i Havyard.
Per Sævik (Pison AS) har på sin side kjøpt 430,000 aksjar.

Publisert: 28.09.2018 12:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37