Kort fortalt
Sel skip for å satse grønt
Eidesvik Offshore sel Viking Neptun.
13.01.2022
For å frigjere midlar til nye grøne satsingar, har Eidesvik Offshore bestemt seg for å selje subsea- og konstruksjonsskipet Viking Neptun, skriv Teknisk Ukeblad.
Det 145,6 meter lange og 31 meter breie skipet vart levert frå Kleven Verft i 2015, og var då det største skipet bygt ved verftet.
Salet skal gjennomførast i fjerde kvartal. Kjøpar er det nederlandske selskapet Dredging, Environmental and Marine Engineering NV (DEME).
Publisert: 13.01.2022 16:37
Sist oppdatert: 13.01.2022 16:42