Cod
KLIPPFISK: Cod-Export med godt fjorår, men ventar litt nedgang i salet av klippfisk i år. Foto: Cod-Export
Kort fortalt

Selde klippfisk for 617 millionar

Ålesund-selskap med sitt nest beste år sidan starten i 2002.

14.04.2023

Selskapet Cod-Export har samarbeid med Fjordlaks, og sel i stor grad klippfisk. I fjor gjekk 216 millionar kroner av salet til Europa og Asia, medan 402 gjekk til Mellom Amerika og Sør-Amerika.

Styret skriv at alle marknader er intakte, men det er av og til problem med sein betaling. For 2023 ventar ein derimot litt lavare omsetning enn i fjor, som var det nest beste året omsetningsmessig.

Selskapet har fem tilsette og ein samla eigenkapital på 26,7 millionar kroner.

Største aksjonær er Tor Helge Valderhaug med 51 prosent, medan Anders Pedersen, Christian Pedersen og John Erik Mathisen eig 16,3 prosent kvar. Dei kan for fjoråret fordele eit utbyte på 6,0 millionar.

Cod-Export
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 617,7 638
Driftsresultat 9,9 9,1
Resultat før skatt 10,4 7,5

Publisert: 14.04.2023 08:30

Sist oppdatert: 14.04.2023 06:59

Mer om