Kort fortalt
Selde til John Fredriksen
Rem Hrist og Rem Mist seld til Seatankers.
02.08.2022
Det var John Fredriksen-kontrollerte Seatankers som var kjøpar av dei to PSV-ane Rem Mist og Rem Hrist som Remøy Group selde i juli. Det var då ikkje opplyst kven som var kjøpar.
Ifølgje Seabreeze, magasinet til skipsmeklaren Seabrokers, vil Herøy-selskapet Remøy Group halde fram med managementet etter salet. I tillegg opplyser Seabreeze at dei to PSV-ane Sea Goldcrest og Sea Gull til Sea Tankers også skal ha managementet hos Remøy Group.
Publisert: 02.08.2022 10:53
Sist oppdatert: 02.08.2022 10:58