På veg til kai for å selje selkjøt, gjekk det galt for selfangstskuta Havsel, skriv Metal Supply, og viser til avisa Nordlys.
På kaia sto fleire frammøtte som skulle kjøpe kjøtet. Dei vart vitne til ein smådramatisk hendelse då selfangstskuta køyrde seg fast på ein sandbanke.
Skipper Bjørne Kvernmo sa etterpå at ein navigerte feil. Båten vart trekt av grunna av ein slepebåt.
Alta-skuta Havsel er av dei siste aktive selfangstskutene, og leverte i fleire år selkjøt til Polargodt i Tjørvåg. Her har ein nyleg lossa årets fangst frå si eiga skute Moholmen.
Publisert: 15.05.2023 11:23
Sist oppdatert: 15.05.2023 11:27