Kort fortalt

Semje i jordbruksoppgjeret

Bøndene får 1,1 milliardar kroner.

16.05.2025

NPK-NTB-Marius Helge Larsen: Staten og Bondelaget er samde i jordbruksoppgjeret om ei ramme på 1,1 milliardar kroner. Det er rundt 300 millionar kroner meir enn det staten først tilbaud.

– Det er berre Forsvaret som har hatt ein sterkare vekst i budsjetta under Støre-regjeringa enn det matproduksjon og jordbruket har hatt. Det seier litt om den urolege og alvorlege tida vi er inne i, sa landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) då avtalen vart presentert.

Han kunne røpe at ramma i oppgjeret var på 1107 millionar kroner. Kravet frå bøndene var i utgangspunktet på 2 milliardar kroner.

Publisert: 16.05.2025 16:10

Sist oppdatert: 16.05.2025 16:10