Kort fortalt

Semje om kvotar for sild og kolmule

Mindre sild, litt meir kolmule.

24.10.2019
NPK-NTB: Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island er samde om totalkvotane for sild og kolmule neste år, men har ikkje vorte samde om fordelinga av kvotane.
Totalkvoten for sild neste år blir på 525.594 tonn. Det er ein nedgang frå kvoten i fjor, som var på 588.562 tonn. Kvote for torskefisken kolmule blir 1.161.615 tonn, som er ein liten oppgang.
Landa har likevel ikkje vorte samde om fordelinga av kvotane landa imellom, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.
Endeleg kvote for norske fartøy i 2020 må dermed fastsetjast seinare.
Fastsetjinga av kvotane er i tråd med forvaltningsplanen for vårgytande sild og med rådet frå Det internasjonale havforskingsrådet (ICES).
Noreg og EU vil møtast seinare i år for å avtale gjensidig tilgang til å fiske sild og kolmule i sonene til kvarandre.

Publisert: 24.10.2019 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32