Kort fortalt
Semje om makrellkvota
Får fiske mindre i 2022.
28.10.2021
(NPK): EU, Færøyane, Grønland, Island, Noreg og Storbritannia har signert ein avtale om totalkvote på 794.920 tonn makrell for 2022. Det inneber ein nedgang frå 2021-kvoten som var på 852.284 tonn.
– Dei vitskapelege råda viser at makrellbestanden er på veg nedover, og det har vi tatt på alvor når kvoten i år vart fastsett, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i ei pressemelding.
Kyststatane er dessutan samde om å setje ned ei arbeidsgruppe som skal samle informasjon om utbreiinga til makrellen. Formålet er å få eit godt grunnlag for vidare forhandlingar om kvotefordeling.
(©NPK)

Publisert: 28.10.2021 11:06
Sist oppdatert: 28.10.2021 11:07