Kort fortalt

Semje om nullutslepp i Møre og Romsdal

Gjeld ferjer, bussar og hurtigbåtar.

16.10.2019
NPK: Fleirtalspartia i fylkestinget i Møre og Romsdal er samde om at kontraktar for nye hurtigbåtar, ferje og buss skal ha krav om nullutslepp.
Tysdag la fleirtalspartia i Møre og Romsdal fram ein ny politisk plattform på fylkestinget i Geiranger. Ap, Sp, Venstre, SV, MDG og KrF har blitt samde om at ingen vidaregåande skular skal leggjast ned, men at linjer og fag skal kuttast i. Dei vil òg at alle nye kontraktar om ferjer, hurtigbåtar og buss skal ha krav om nullutslepp, og dei ønsker ei satsing på hydrogen, ifølgje NRK.
Politikarane vil òg kjempe for å auke overføringane frå staten, og få med seg fylka på kysten for å få kompensert utgifter knytt til ferjedrift. Fylkesordførar Tove Lise Torve trur det vil bli krevjande.

Publisert: 16.10.2019 11:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32