NPK-NTB: Det store overskotet av sauekjøtt i Noreg har ført til at Nortura, gjennom dotterselskapet sitt Noridane, skal eksportere store mengder sauekjøtt til Oman.
Det stadfestar Rolf Gjermund Fjeldheim, direktør for bransje og marknad i Nortura, overfor .
– Grunnen til at Nortura legg til rette for denne eksporten, er å avgrense innfrysing av sau på reguleringslager, seier Fjeldheim til avisa.
Det er Noridane Foods AS, der Nortura eig to tredelar av aksjane, som skal eksportere sauekjøtt til Oman, eit land på Den arabiske halvøya, som ligg rundt 800 mil frå Noreg.
Det var nettstaden som først omtalte saka.
– Det som no skal eksporterast, er fersk sau som blir frose ned i eksportpakning som frosenvare til marknaden i Midtausten. Kjøttet er ikkje frå reguleringslager, seier Fjeldheim.
Fjeldheim peikar på fleire årsaker til at dei vel å selje kjøttet til Oman.
– Dei er opptatt av kvalitet og av å få halalkjøtt. Alt som blir eksportert, må slaktast som halal. Då er det krevjande å levere nok volum.
– Vi ønsker å ta ut inntil 1.000 tonn. Men vi oppnår ikkje det volumet. I realiteten blir det nok 500–600 tonn som også vil vere eit betydeleg bidrag for å betre marknaden for sau i Noreg, seier Fjeldheim.
Han vil ikkje gå inn på kiloprisen, men seier dei ikkje taper pengar på eksporten.

Publisert: 01.11.2019 09:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32